Ny helg... (Snart)

Om ettpar dagar er det igjenn helg,
og det er som vanleg skirenn,
denne helga er det SSF cup/ Kleivanerennet på lørdag, 
og Kalsetrennet på søndag.
Kjem med oppdateringar av plasseringar overhelga.....

- Bloggast!

 

TV-KJÆÆÆNDISANE FRÅ NM!!!

Her kjem nokre klipp frå NM på Voss

Intervju frå NM:  

http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/822869/  

(spol til ca 30 min)

Målgang på stafetten: 

http://www.nrk.no/nett-tv/indeks/295030/

(spol til ca 6min) 

 

Bloggast ! 

NM Voss, Norges Cup i Trondheim & KM Markane + ein merkedag !!!!

Krinslaget har våre i ein lang dvale når det gjeld blogging, men no kjem me sterkt tilbake med ei lita oppdatering. 

Under NM på Voss hadde krinslaget med tre løparar i individuelle renn, og 5 løparar på stafetten.
Sindre vart denne helga TV kjendis med intervju, og sette verdens beste krinslag på kartet.
Det var diverre ikkje i beste sendetid, men me som skulka skulen på grunn av NM og andre
uføretrygda og pensjonistar fekk det med oss!
Me såg også små glimt av Sindre, Martin, Andre, Hallvard, Thomas og Roger
når dei gjekk og gjekk, både individuelt og på stafett. 

Resultat frå NM:

http://www.skinmvoss.no/

 

De finn løparane frå krinsen her ein plass!




 

Norges Cup Trondheim 

Frå fredag 3.februar til søndag 5.februar var store styrker av krinslaget i Trondheim for å gå Norges Cup. Fredagen var det sprint, men her stillte ingen av krinsløparane, trur eg.....
Laurdagen derimot, stillte totalt 8 løparar frå verdens beste krinslag på startstreken, og det enda med mange sterke prestasjonar i den knallharde løypa i Granåsen. 

Resultat frå laurdagen:

- Roger Øye Pollen, Førde IL(15 km friteknikk, M18), nr 11 

- Johannes Lund, Kaupanger IL(15 km friteknikk, M18), nr. 47

- Karoline Holsen Kyte,Førde IL (10 km friteknikk, K19/20), nr. 30

- Marte Erfjord, Hafslo IL (10 km friteknikk, K17), nr. 41

- Torstein Bu, Førde IL (10 km friteknikk, M17), nr. 64

- Hallvard S. Evjestad,IL Bjørn (15 km friteknikk, M19/20), nr. 38

- Jakob Meløy, Hafslo IL (15 km friteknikk, M19/20), nr. 138

- Martin Hegrenes, Førde IL (15 km friteknikk, M sr.), nr. 82

 

Søndagen var det klart for klassisk, og då var det 9 løparar frå krinsen som stod klare på startstreken.  
 

Resultat frå søndagen:

 

- Thomas S. Evjestad, IL Bjørn (M 19/20), nr.17

- Roger Øye Pollen,Førde IL (M18); nr. 26 

- Marte Erfjord, Hafslo IL (K17); nr. 62

- Karoline H. Kyte, Førde IL (K19/20); nr. 45

- Johannes Lund, Kaupanger IL (M18); nr. 60

- Torstein Bu, Førde IL (M17); nr. 41

- Hallvard S. Evjestad, IL Bjørn (M19/20); nr. 46

- Jakob Meløy, Hafslo IL (M19/20); nr. 150

- Martin Hegrenes, Førde IL (M. sr.); nr. 68

 

 

 

 

 

 


 

11.-12. februar KM i friteknikk og KM i sprint:

 

denne helga var det KM i Markane. Her vart det kåra mange krinsmeistrarararararar. 

 

 

 

 

Resultat frå renna: 

 

http://idrett.speaker.no/Downloads/25802/docs/Off_res.liste_Ullsrennet_110212.PDF

 

http://idrett.speaker.no/Downloads/25802/docs/Resultat_KM_Sprint_2012_Ullsheim.pdf

 

 


 

 

Merkedagar:

I dag må vi også få med oss at VERDENS BESTE krinslagstrenar har BURSDAG! Men kor gamal/ung blir han????? Han blir i alle fall eldre enn i går. 

 

Visdomsord til dei med bursdag 12. februar:

En vis mann lærer mer av en dåre enn en dåre av en vis mann. (skrive av: Cato d.e)  

 

Verdens beste krinslagstrenar :D 

Bjønnastarten

Laurdag markerte Bjønnastarten at den lokale skisesongen endeleg er i gang. 


Resultat: 

G 16 år 5 km klassisk:

1 Vegard S Hegrenes Førde IL                 

2 Edvard Grut Andersen Syril                      

3 Sivert Fodnes Årdalstangen IL               

J 16 år 5 km klassisk:


1 Ingrid Lund Kaupanger IL      


K 17 år 5 km klassisk:


1 Marte Erfjord Hafslo IL     


M 17 år 10 km klassisk

1 Eirik Hovland Årdalstangen IL          

2 Geir Steig Luster IL                   

M 18 år 10 km klassisk

1 Johannes Lund Kaupanger IL         

2 Kjetil Husevåg Strømmen Førde IL                

3 Stig Øystein Schmidt IL Bjørn    

M 19/20 år 10 km klassisk

1 Thomas S Evjestad IL Bjørn    

2 Hallvard Evjestad IL Bjørn           

Menn senior 10 km klassisk

1 Sindre Hoff Førde IL      

2 Martin Hegrenes Førde IL                  

3 Andre Haugsbø Gaular IL/ Team United Bakeries 

4 Eivind Skaar Førde IL                  

Beitostølen og BUL-sprinten

Frå 1.-6. desember var store delar av verdens beste krinslag samla på Beitostølen for å starte årets skisesong. Dei beste var allerei på plass torsdag, også kom resten dinglande etterkvart. So fekk alle tildelt eit krypinn. Dei mest "trangsynte" fekk tildelt hytta til Frode Andresen for der var det so trangt. Skiskyttarhytta var midt i blinken og Bamselitjern var eit "lite sel" oppi ei li, so vidt plass til 40 mann. So visst ein av verdens beste krinslagstrenarar(Per Sigve) hadde våre med, so måtte han nok lege ute på denne samlinga og...men det nermar seg no jul so me hadde nok funne ein stall og ei Jomfru Maria til han....

Fredag 2.desember:

På fredag var me klare for første rennet på Beitostølen, 15 km og 10 km fristil. Her var det tre seniorløparar frå verdens beste krinslag som stilte. Sindre Hoff vart nr.66, Martin Hegrenes nr.73 og Elisabeth Hildenes nr.25.

Laurdag 3.desember:

No var det klart for sprint. I kvinneklassa gjekk Anna Kårstad Skår ein knallsterk sprint og enda som nr.15 i juniorklassa. I juniorklassa på herresida imponerte alle, som vanleg! Ole Martin Erdal gjekk inn til ein  svært lovande 9. plass, Hallvard S. Evjestad vart nummer 38, Kjetil H. Strømmen nummer 86 medan Johannes Lund vart nummer 100. Bra jobba!

Søndag 4.desember:

No var me komne til den store dagen då alle dei store (jule)stjernene skulle i aksjon.  Johannes Lund kom på 23. plass i klasse M18 år, og Kjetil H. Strømmen enda som nummer 28 i same klasse. Hallvard S. Evjestad vart nummer 9 i klasse M19/20 år, og at Ole Martin Erdal vart nummer 18 i same klasse. I senior klassa gjekk Sindre Hoff inn til  57 plass, medan Martin Hegrenes enda som nummer 73. I K17 år enda Marte Erfjord som nummer 11. Til tross for nysnø var det hardt i løypene. Marte knakk piggen på venstre stav rett før start. Heldigvis hadde pappa-Lund ein ekstra stav på lur.

Me må ikkje gløyma smørjarane på verdens beste krinslag. Dei stod i smøreboda og gassa seg heile dagane, for at me skulle få super duper gode ski, og da hadde me. Tusen takk, kva skulle me gjort utan dei...., og kva skulle dei gjort utan oss....!

Måndag 5.desember:

Då var me ferdige med renn denne helga. Ein god del av løparane reiste heim søndagen, men me var likevel 7 løparar igjen. Dagens treningen besto av to økter på ski. Når kvelden kom reiste me på Peppes Pizza for å ete pizza/pasta/kaka. På peppes var det julestemning, og alle som åt godt fekk kvar si nissehua. Dei to minste jentene fekk lego so dei hadde noko å putla med. Men dei er ikkje så teknisk anlagt, så det var godt me hadde både ingeniør og snikkar med i troppen.

  
Oreokaka <3

Tysdag 6.desember:

Då var siste dagen på denne samlinga komen. Dagen gjekk med til lett trening på ski og tung vasking/rydding. Pappa-Lund kom og henta borna sine + Marte. Dei andre klarde seg sjølv og for til Sunnfjord.

No er det ei stund til neste samling, men neste renn er rett rundt hjørnet. Etter at julenissen har våre å delt ut pakkar, og alle har ete og drukke godt, er me klare for full innsats på Ribberennet.

 "God Hjul og grått nytt hår" til alle på krinslaget!

Årets juledikt:

Appelsiner, mandariner                                                                                                                                                                  og julegardiner.

(Forløbig lite bilete, dei er stoppa i sensuren men kjem kanskje seinare.)

 

Kick-off!

Onsdag 14. desember er krinslaget samla til sesong Kick-off på Skei Hotell.
Det håpar vi blir kjekt!  

invitasjon til testløp i Leirdalen


For dei som ønskjer det vert det testløp i leirdalen i morgon, (søndag 27.11).

Stilart: skøyting

Starttid: ikkje bestemt

kom med innspel og sjekk ut meir info på facebook!

 

Neste samling

Neste samling er i begynnelsen av desember...
Det vert moro! :-)
Men truleg lite aktivitet før den tid.

Sognafjedle 3.- 6. november 2011

Endeleg va me klare for ny samling. me ha leita me lys og lykter for å finna ein snøflekk å gå på.

På torsdag fekk me napp,

trenaren va kjapp,

og innkallinga va knapp.

Torsdag:

So var det klart for sensongens første skiøkt for mange, og det bar treningen preg av. Da gjekk over stokk og stein -bokstavleg talt! Middag på "heimen" og rett til sengs. 

Fredag:

Me vakna glade og fornøygde som vanleg, klokka 8.00. Me var klare for første  økt på skøyting. Balansen va ikkje heilt i orden, og da hjalp ikkje nåke når kjerringa/trenaren (Per Sigve) kom med staven, so me for på tryne i snøen. Litt knall og fall må me tåla, me e no tross alt verdens beste krinslag! 

Neste økt var heilt klassisk, så i tok den piano! Ei ski på kvar fot, ein stav i kvar hand. Nokre smurde ski for første gang, og heldigvis fekk alle klisteret på rett plass - rett bak dass. Etter mørkets frambråt gjekk det opp eit lys for dei fleste, og jammen va det godt me hadde lykte. 

Laurdag:

Intervallar på programmet i dag, 5x5 min skøyting. og det var det.  Etter ei hardøkt var det klart for fotografering for jentene. Den internasjonale pressao kreve sitt når krinslaget er på Sognafjedle, so me jentene poserte villt og villig for fotografane. 

Litt straff fekk me for å bruka for lang tid på fotografering. Dusjen måtte nokre av oss ta i isvatn, og da va j******, dvs ikkje behageleg. 

Andre økt var klassisk, og det var det. 

Tredje økt, grottevandring:

Me gjekk, det regna, me leitte etter grotte.

Me fann, gjekk inn, -  me gjekk ut., 

og det var det. 

Søndag: 

Vakna til skodde og regn, men da hindra ikkje verdens beste krinslag. Skøyting med fokus på teknikk var på programmet i dag. Økta vart gjennomført som planlagt. Etterpå pakka me og rømde frå "heimen" . So var første snøsamlinga gjennomført, og me gledar oss til mykje snø, og samlingar resten av sesongen. 


-me håpar på meir snø enn dette!



 

Ny samling...

Fra torsdag til søndag vert det snø samling på Sognefjellet, då vil det fårhåpentleg vis bli oppdatert litt oftare igjenn. Følg med!

 

Les mer i arkivet » Februar 2012 » Desember 2011 » November 2011
hits