NM Voss, Norges Cup i Trondheim & KM Markane + ein merkedag !!!!
Krinslaget har våre i ein lang dvale når det gjeld blogging, men no kjem me sterkt tilbake med ei lita oppdatering.
Under NM på Voss hadde krinslaget med tre løparar i individuelle renn, og 5 løparar på stafetten.
Sindre vart denne helga TV kjendis med intervju, og sette verdens beste krinslag på kartet.
Det var diverre ikkje i beste sendetid, men me som skulka skulen på grunn av NM og andre
uføretrygda og pensjonistar fekk det med oss!
Me såg også små glimt av Sindre, Martin, Andre, Hallvard, Thomas og Roger
når dei gjekk og gjekk, både individuelt og på stafett.
Resultat frå NM:
De finn løparane frå krinsen her ein plass!
Norges Cup Trondheim
Frå fredag 3.februar til søndag 5.februar var store styrker av krinslaget i Trondheim for å gå Norges Cup. Fredagen var det sprint, men her stillte ingen av krinsløparane, trur eg.....
Laurdagen derimot, stillte totalt 8 løparar frå verdens beste krinslag på startstreken, og det enda med mange sterke prestasjonar i den knallharde løypa i Granåsen.
Resultat frå laurdagen:
- Roger Øye Pollen, Førde IL(15 km friteknikk, M18), nr 11
- Johannes Lund, Kaupanger IL(15 km friteknikk, M18), nr. 47
- Karoline Holsen Kyte,Førde IL (10 km friteknikk, K19/20), nr. 30
- Marte Erfjord, Hafslo IL (10 km friteknikk, K17), nr. 41
- Torstein Bu, Førde IL (10 km friteknikk, M17), nr. 64
- Hallvard S. Evjestad,IL Bjørn (15 km friteknikk, M19/20), nr. 38
- Jakob Meløy, Hafslo IL (15 km friteknikk, M19/20), nr. 138
- Martin Hegrenes, Førde IL (15 km friteknikk, M sr.), nr. 82
Søndagen var det klart for klassisk, og då var det 9 løparar frå krinsen som stod klare på startstreken.
Resultat frå søndagen:
- Thomas S. Evjestad, IL Bjørn (M 19/20), nr.17
- Roger Øye Pollen,Førde IL (M18); nr. 26
- Marte Erfjord, Hafslo IL (K17); nr. 62
- Karoline H. Kyte, Førde IL (K19/20); nr. 45
- Johannes Lund, Kaupanger IL (M18); nr. 60
- Torstein Bu, Førde IL (M17); nr. 41
- Hallvard S. Evjestad, IL Bjørn (M19/20); nr. 46
- Jakob Meløy, Hafslo IL (M19/20); nr. 150
- Martin Hegrenes, Førde IL (M. sr.); nr. 68
11.-12. februar KM i friteknikk og KM i sprint:
denne helga var det KM i Markane. Her vart det kåra mange krinsmeistrarararararar.


Resultat frå renna:
http://idrett.speaker.no/Downloads/25802/docs/Off_res.liste_Ullsrennet_110212.PDF
http://idrett.speaker.no/Downloads/25802/docs/Resultat_KM_Sprint_2012_Ullsheim.pdf
Merkedagar:
I dag må vi også få med oss at VERDENS BESTE krinslagstrenar har BURSDAG! Men kor gamal/ung blir han????? Han blir i alle fall eldre enn i går.
Visdomsord til dei med bursdag 12. februar:
En vis mann lærer mer av en dåre enn en dåre av en vis mann. (skrive av: Cato d.e)

Verdens beste krinslagstrenar :D